Det har i dag, for første gang på lenge, vore litt lettare tilgang på jobb her. Opp- og nedlastingane har også gått litt raskare i dag. No skal det seiast at det på langt nær kan samanliknast med dei periodane som vi kunne kjøre inn titusenvis av WU's i døgnet, men eg har faktisk håp om å klare 1000 i dag med kun 25 aktive klienter på eon - det er lenge sidan ting gjekk såpass lett her [:)] Eon er forøvrig eit av prosjekta vi har
for lav score på for å innta 1.plassen på Vault'en, men det skal seiast at under dei forholda som har vore dei siste månadane på dette prosjektet, så er utsiktene til avansement, heller små (næraste konkurrent ligg godt over 3 mill føre oss). Lagsproduksjonen bør opp mot 100 000 per dag for at vi skal ha ein muligheit innan rimleg tid... med 1000 i døgnet - på ein god dag - så snakker vi om 10 år og vel så det [:(] I det eg skriver dette så ser eg at ting slakker av igjen og ventetida aukar.... urk.... (no er eg i tvil om eg skal bruke denne smileyen

... eller denne

.... for å symbolisere forholda i eOn...)
