Quote: Du får si ifra om du får kontakt
Jeg har fått E-post fra Sturle Sunde i Busty Seventeen og han kommer ikke over til Team Norway [:(] Han skriver: Artig! SoB står sanneleg og surrar i bakgrunnen her framleis. Seventeen or Bust var eit lag eg starta for moroskuld då eg såg at vi lett kunne komme heilt til tops i landsstatistikken, men no tippar eg dei har fått betre orden på statistikken sin. Laget har bakgrunn i Realistforeningen ved Universitetet i Oslo. Hovudfokuset mitt er på GIMPS, eit mykje større prosjekt. Der er eg på tredjeplass utan lag. Busty Seventeen var eit forsøk på å få nokre vener til å bruke sine ledige CPUar til noko nyttig, samstundes som eg kunne bruke maskiner som eg hadde tilgong til i ein kortare periode enn det som trengst til GIMPS. Samt eit par Windows-maskiner, for dei må typisk reinstallerast so ofte at dei ikkje rekk å teste ein kandidat for GIMPS mellom kvar gong. Eg ser at Windows-maskinene (alle brukte brukaren UiO) berre har produsert 1% av totalen til Seventeen or Bust, so dei varte nok ikkje lenge. Laget fungerte godt ei stund, men no har dei fleste som var med mista interessa. Har heller ikkje oppdatert sjølv på lenge. Køyrer framleis versjon 1.2.5 av klienten, ser eg. Kanskje eg skal prøve å få opp interessa til laget mitt att. Vi hoppar nok ikkje over til Team Norway, men vi jobbar i det minste med den same landsstatistikken. :-) Eller gjer vi det? Summen av produksjonen til Team Norway og Busty Seventeen er større enn totalproduksjonen til Noreg, so det er nokon her som jobbar for feil land. Alle mine maskiner har "no" som land. Kanskje det er femtekolonistar i Team Norway? Sjekk IP to country translations under Preferences på SoB-sidene. -- Sturle We know that dictators are quick to choose aggression, ~~~~~~ while free nations strive to resolve differences in peace -- George W. Bush